Erlend Ropstad

Erlend Ropstad med nytt soloalbum og turné

I februar 2006 kom eit debutalbum med ein artist som heiter Erlend Ropstad ut. Han høyrdes ut som ein singer-songwriter, skreiv smått melankomiske songar på engelsk og fleire spurte seg; treng vi fleire av desse artistane her? Dette er 20 år sidan, når vi no skriv februar 2026, noko som betyr 20-årsjubileum for ein suksesshistorie innan norsk musikk, med ein artist som utvilsomt har eit heilt eige kunstnarisk uttrykk. Veldig få, om nokon, beherskar å skrive rock på norsk med så høg kvalitet, og eit samla pressekorps og spellemannsjuryera har stilt seg bak den påstanden.
Han har sakte bygd opp ein trufast tilhengarskare over heile landet på den gode gamle måten; skrive gode låtar som folk tar til seg og å spele mange konsertar. Det har blitt eit firesifra antall konsertar i løpet av desse 20 åra, og til vinteren legg han til omlag 40 nye! Dette med ein soloturné som dekkjer heile landet, så godt som samtlege fylker, små og store byar. Torsdag 5. februar kjem han til Operahuset Nordfjord. Ikkje gå glipp av konserten i storstova med landets nye rockepoet!

Vis meir

Tor. 05.02 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 420,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord