Eit eventyr som varer livet ut
Sparebank1 Sogn og Fjordane og DNT inviterer til inspirasjonsforedrag med eventyrar Lars Monsen og pensjonsekspert Maria Kongsli Kovács.
Foredraget er gratis og ope for alle, men med avgrensa plassar og påmelding på førehand direkte til Sparebank1 Sogn og Fjordane her: www.sparebank1.no/nn/sogn-fjordane/om-oss/samfunnsansvar/foredrag-med-lars-monsen.html
Friluftslivets år er bakgrunnen for arrangementet.
Norges mest kjende eventyrar, Lars Monsen, vil dele sine erfaringar om å setje seg høge mål, tørre å vere annleis, tøye eigne grenser og overvinne motgang – både i naturen og i livet. På same måte som ein ekspedisjon krev førebuingar og langsiktig planlegging, er det viktig å investere i eiga helse og økonomisk tryggleik. Pensjonsekspert, Maria Kongsli Kovács i SpareBank 1 Forsikring vil gi innsikt i kvifor det å starte sparing til pensjon tidleg er lurt.
Sparebank1 Sogn og Fjordane ønskjer å inspirere til å utfordre seg sjølv både når det gjeld eiga helse og eigen økonomi.
Ons. 09.04 Kl. 19.00
Lengde: 2 t 0 min
