Ein inspirasjonskveld om val og utdanning

Ein inspirasjonskveld om val og utdanning

Jakta på superkreftene – for framtidas nordfjordingar

«Dersom Marco Elsafadi hadde følgd si eiga magekjensle hadde han vorte tømrar. I staden lytta han til dei han hadde tillit til, og det valet angrar han framleis på.»

Onsdag 28. august gjentek Nordfjord Opplæringskontor, Nordfjordakademiet og Nordfjordrådet suksessen og inviterer føresette og ungdomsskuleelevar til inspirasjonskveld om val og utdanning i Operahuset Nordfjord!

Dette blir ein kveld der publikum får møte ulike personar som fortel om deira val, kva som har inspirert dei og delar erfaringar som dei har fått. Hovedgjest for kvelden er fantastiske Marco Elsafadi som vi meiner er den beste føredragsholdaren i landet når det gjeld å snakke med ungdom og føresette om val og utdanning. 

Vi gler oss stort, og trur dette blir eit veldig nyttig supplement for alle ungdommane som snart skal ta eit val når det gjeld utdanning.

Sett av datoen – og meld deg på ved å «kjøpe» gratisbillett i dag!

Arrangementet er gratis. 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

 

Vis meir

Ons. 28.08 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lengde: 2 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord