Ein draum: Grieg og Schumann
Tenoren Bror Magnus Tødenes og pianisten Olav Egge Brandal presenterer noko av den vakraste musikken som er skriven for song og piano.
Vi er svært glade for å ønskje velkomen til konsert med to dyktige sunnmøringar!
Seks songar opus 48 vart utgitt i 1889 av Edvard Grieg (1843- 1907). Songane har tysk tekst av Heine og Goethe. Studietida i Leipzig var for lengst forbi og det var lenge sidan Grieg hadde nytta det tyske språket. I samlinga finn vi ein av dei mest kjende songane hans – Ein traum (ein draum).
Grieg skreiv også Seks dikt / seks songar opus 25. Desse er baserte på Henrik Ibsen si dikting og handlar om kjærleikslengsel. Her er både alvor og leik, tungsinn og vemod. Desse kom til i ei tung periode i livet hans, begge foreldra hadde nyleg gått bort. «En svane» og «Med en vandlilje» er kjende songar frå denne samlinga.
Dichterliebe er ein songsyklus skrive i 1840 av Robert Schumann (1810- 1856). Dichterliebe kan omsetjast til «diktarkjærleik». Schumann tonesette 20 songar etter dikt av Heinrich Heine, men då samlinga vart utgitt i 1844 var den korta ned til 16 songar. Året 1840 vert kalla «liedejahr» (song-året), Schumann skreiv rundt 140 songar mens han gjekk og venta på å gifte seg med sin kjære Clara Wieck. Faren til Clara, Frederick Wieck, var sterkt kritisk til giftarmålet og gjekk rettens veg for å unngå dette. I denne ventetida prega av frustrasjon og desperasjon fekk Schumann sitt utløp i musikken. Heldigvis mislukkast faren, for Robert og Clara vart gift i september 1840.
Tenoren Bror Magnus Tødenes frå Eiksund spelte piano som tenåring, før han oppdaga sitt stemmepotensial. Han er utdanna ved NTNU i Trondheim og Santa Cecilia-akademiet i Roma der han studerte med Elizabeth Norberg-Schulz. Bror Magnus fekk sin profesjonelle operadebut som 21-åring, og slo verkeleg gjennom då han i 2015 vann både 1. prisen og publikumsprisen ved Renata Tebaldi-konkurransen. Han har mellom anna sunge fleire gonger i Salzburg, ved Den Norske Opera & Ballett, Bergen Nasjonale Opera, Nasjonalteatret i Praha, Festspillene i Bergen, Bastille-operaen i Paris, Arktisk Filharmoni, Den Kungliga Operan i Stockholm, Opera Østfold. Våren 2022 bergtok han publikum i Operahuset Nordfjord, Førdehuset og Fosnavåg konserthus, i Opera Nordfjord sin operagalla. Tenoren har òg gitt ut soloalbumet Remembering Jussi i samarbeid med KORK og Håvard Gimse.
Pianisten Olav Egge Brandal frå Brandal har mastergrad i klassisk piano frå Norges Musikkhøgskule og bachelor frå Griegakademiet i Bergen, med Signe Bakke i Bergen og Einar Henning Smebye i Oslo som hovudlærarar. I tillegg har han spelt for nokre av landets fremste musikarar som Håvard Gimse, Sveinung Bjelland og Gunilla Sussmann. Olav har også vidareutdanna seg innan pedagogikk, og underviser som pianolærar ved Hamar kulturskule i tillegg til å vere pianist. Han er ofte engasjert som organist og andre oppdrag, og har motteke mellom anna Rønnings legat og fleire stipend. Les meir om Olav her: olaveggebrandal.wordpress.com
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Tys. 26.08 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 25 min
Billettpris:
Ordinær 400,-
Student / ungdom / barn 200,-
