Dune: Part Three

Alt har ledet til dette øyeblikket.

Warner Bros. Pictures og Legendary Pictures presenterer DUNE: PART THREE, den episke avslutninga på den Oscar-nominerte filmskaparen Denis Villeneuves prisvinnande trilogi. DUNE: PART THREE finn stad nesten to tiår etter at Paul Atreides tok kontroll over imperiet. Som ein omsynslaus keisar må Paul møte konsekvensane av styret sitt når gamle allierte vender tilbake, skremmande nye truslar dukkar opp, og svik lurer i skyggene. Plaga av syner om imperiets samanbrot og at den tapte kjærasten hans kjem tilbake, blir Paul trekt inn i ein omfattande konspirasjon, med Chani i sentrum av mysteriet. Medan eit opprør er i emning og fiendane nærmar seg, må Paul konfrontere den verkelege prisen for makt og lagnaden til dei han elskar mest. Filmen har Oscar-nominerte Timothée Chalamet, Zendaya, Jason Momoa, Oscar-nominerte Florence Pugh, Rebecca Ferguson, Isaach de Bankolé, Oscar-nominerte Charlotte Rampling, Anya Taylor-Joy og Robert Pattinson, samt Oscar-vinnaren Javier Bardem på rollelista. Villeneuve regisserer etter eit manus av Villeneuve og Brian K. Vaughan, basert på romanane skrivne av Frank Herbert. Filmen er produsert av Oscar-nominerte Mary Parent, Cale Boyter, Villeneuve og Tanya Lapointe, og Joe Caracciolo, og har dei eksekutive produsentane Joshua Grode, Thomas Tull, Herbert W. Gains, Brian Herbert, Byron Merritt, Kim Herbert, Kevin J. Anderson, Richard P. Rubinstein, John Harrison og Jessica Derhammer. Bak kameraet har Villeneuve med seg den Oscar-vinnande fotografen Linus Sandgren, den Oscar-vinnande produksjonsdesignaren Patrice Vermette, den Oscar-vinnande klipparen Joe Walker, den Oscar-nominerte kostymedesignaren Jacqueline West, den Oscar-nominerte castingansvarlege Francine Maisler og den Oscar-vinnande komponisten Hans Zimmer. Warner Bros. Pictures og Legendary Pictures presenterer ein film av Denis Villeneuve, DUNE: PART THREE, på kino over heile landet frå 16. desember.

Vis meir

Tor. 17.12 Kl. 19.00

Kjøp billett

Søn. 20.12 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 130,-

Barn 110,-

Detaljar

Skodespelarar: Timothée Chalamet, Zendaya, Jason Momoa, Javier Bardem, Rebecca Ferguson, Florence Pugh, Robert Pattinson, Anya Taylor-Joy, Isaach De Bankolé

Regissør: Denis Villeneuve

Produksjonsår: 2026

Premiere: 16.12.26

Land: USA

Sjanger: Sci-Fi, Drama, Action

Språk: Original

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord