Drapet på Benjamin Hermansen

Ei vinternatt på Holmlia mister 15 år gamle Benjamin livet – drepen av 19 år gamle Joe Erling, kun fordi han er mørk i huden.  Eit år seinare står mor til Benjamin, Marit, overfor einkvar forelders verste mareritt, rettssaka mot han som drap sonen hennar Me følger kampen til Marit i retten og gjennom tilbakeblikk til livet før tragedien blir to skjebner vovne saman. Benjamin veks opp omgitt av vener og ei mor som tar vare på han, medan Joe Erling blir forma i eit miljø prega av omsorgssvikt. Begge bur i område med lav sosial status. Benjamin opplever at politiet stigmatiserer han og Joe Erling glir inn i det nynazistiske Boot Boys-miljøet i søken etter tryggleik. Filmen skildrar kor sårbart det er når unge gutar prøver å finna ut av seg sjølv og kor dei høyrer til. – og kor katastrofale konsekvensane kan bli når hatet får rom til å gro. 25 år etter drapet på Benjamin Hermansen er dette ei historie me fortsatt må fortella – om rasisme, tap og håpet om forsoning i eit samfunn som ikkje må gløyma.

Vis meir
Premiere
02.10.2026

Aldersgrense 15 årAlder: 15 år

Detaljar

Skodespelarar: Elikem Leon Akpan, Laila Goody, Magnús Blöndal Jóhannsson, Afshin Ahmadi, Emily Glaister, Fredrik Stenberg Ditlev-Simonsen, Felipe Orellana Castro, Irjan Magnus Mustaparta, Ayan Durrani, Lamin Zion Wågbø Ndiaye, Yngvild Støen Grotmol, Frode Winth…

Regissør: Ingvild Søderlind

Produksjonsår: 2026

Premiere: 02.10.26

Manus: Helena Johanne Nielsen, Ingvild Søderlind

Land: Norge

Sjanger: Drama

Språk: Norsk

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord