Dr. Bergland – På død og liv
Ventetida er over, Dr. Bergland kjem til Operahuset Nordfjord laurdag 31. oktober!
I løpet av dei siste åra har Jonas Kinge Bergland etablert seg som ein av landets største og mest populære komikarar. Sidan brakdebuten «Dr. Bergland og den alternative medisin» i 2016 har han levert intelligent, kompromisslaus og etter eige utsagn «heilt brukbar» standup, for eit stadig større publikum og begeistra anmeldarar. Jonas si andre og tredje framsyning, «Dr. Bergland bryter taushetsplikten» og «Dr. Bergland uten grenser» solgte begge nærmare 100.000 billetter og er blant Latter i Oslo sine aller største suksessar nokonsinne.
Forventningane er derfor skyhøge når han no kjem med «Dr. Bergland – på død og liv». Bergland har opparbeida seg ein stor og trufast meinigheit, spesielt blant folk som jobbar innanfor helsesektoren. Pr. i dag har «Dr. Bergland – På død og liv» solgt ca. 40.000 billetter på Latter i Oslo og det same antalet billettar på turné. Dei siste åra har Jonas jobba som sykehjemslege og fått god anledning til å reflektere over livet, døden, alderdom og om det er noko høgare meining med alt dette. Sånt kan det bli stor humor av, i hvert fall med Dr. Bergland som avsendar.
Vi gler oss stort til å få besøk av vår favorittlege!
Lau. 31.10 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 15 min
Billettpris:
Ordinær 520,-
Student 425,-
Gruppe 10+ 495,-

