«Der ingen var einsam» – foredrag med Arill Riise
Velkomen til foredrag med journalist og tv-profil Arill Riise!
Då Arill Riise var ni år gammal vart heimen han budde i, og resten av klyngetunet Riise ved Hjørundfjorden, teke av eit stort snøskred. Eit heilt lite samfunn vart utradert denne skjebnemorgonen i februar 1968. Av dei tre som omkom, var fire år gamle Ivar, veslebroren til Arill. Hausten 2024 gav Arill ut boka «Der ingen var einsam – klyngetunet som vart utsletta» der han skildrar kva som gjekk tapt då klyngetunet vart rive bort. Dette er historien om korleis det var å bu så tett på kvarandre i denne buforma som nærast ikkje finst lengre. Det som blir kalla «Den norske landsbyen».
Boka har lege høgt på både på bokhandlarane sine salslister og på utlånslistene til norske bibliotek.
Foredraget er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Operahuset Nordfjord.
Portrettfoto: Espen Solli
