Dagfinn Lyngbø – Folk

Dagfinn Lyngbø kjem med sitt nye show: «Folk!»

Folk er høgt oppe blant emna vi snakkar mest om: Kjentfolk, familiefolk, sure folk og stortingsfolk. Mannfolk, kvinnfolk og mediefolk. Og finansfolk, fjellfolk, urfolk, askøyfolk og influensarar. De skjønar greia.

Når ein av dei artigaste standupfolka i landet snakkar om andre folk, blir det mykje å le av og kjenne seg igjen i. Denne gongen har Dagfinn med seg ein av sine absolutte favorittfolk, nemleg musikar og besteven Bjarte Jørgensen. For nokre fine folk!

Vi gler oss enormt til at publikum igjen skal få oppleve eit nytt show med folkekjære Dagfinn.

«Det er så gjenkjennelig at hele salen brøler av latter» – Aftenposten
«Dagfinn Lyngbø er fremdeles av norsk humors aller beste komikere» – NRK

Dagfinn Lyngbø har hatt kjempesuksess med framsyningane «Ka e’ vitsen?» (2005), «Evolusjon» (2008), «Stereo» (2012) , «Supersmud» (2017) og «Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars» (2020), som til saman har selt godt over ein halv million billettar og motteke ikkje mindre enn åtte Komiprisar, noko som understrekar posisjonen som den mest populære komikaren i landet.

Det einaste vi veit sikkert, er at når Dagfinn lagar show, så kjem det folk!

Følgjekort? Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Tor. 06.11 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 15 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 570,-

Student 475,-

Gruppe 6+ 545,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord