D.D.E. – GRAITEST HITS

Velkomne til 90 minutt med trivsel, allsong og gode historier!

D.D.E. – GRAITEST HITS er ein konsert med eit breitt utval av bandet sine kjende og kjære låtar, servert i tospann med historier frå starten og over 30 år på vegen! 

I over 30 år har D.D.E. laga låtar, spelt og underheldt det norske folk. Tre-fire generasjonar har sunge med, dansa, ledd og grine. I heimen, i bilen, i båten, på hytta, og ikke minst på festivalar og på festlokalet.

No legg folkefavorittane for første gong ut på ein landsdekkende kulturhusturné, der ikkje berre hitlåtane, men også nokre av dei litt mindre spelte perlene frå katalogen får skine. 

Kulturhuskonserten «D.D.E. – GRAITEST HITS» handlar sjølvsagt først og fremst om låtane, men sentral er òg Frode sin gamle amerikakoffert. Ut av den blir det henta minne og historier, frå turnébussen og øvingslokalet. Det handlar om starten, om å skape og ville noko, møte med fans, og ikkje minst ein god porsjon røvarhistorier. 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Lau. 02.11 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 675,-

Forsalg 675,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord