Charlie Siem og Håvard Gimse

Opplev klassiske perler framført av to stjernemusikarar

Vi er glade for å ønskje velkomen til ein heilt spesiell konsert med fiolinisten Charlie Siem og pianisten Håvard Gimse!

Charlie Siem blei fødd i London med norsk far og britisk mor. Allereie som treåring byrja han å spele fiolin, etter å ha høyrt ei sending med Yehudi Menuhin som spelte Beethovens fiolinkonsert. Ferda gjekk sidan vidare til fleire konservatorium, med studiar under store meistrar som Itzhak Rashkovsky og Shlomo Mintz. Fiolinisten har spelt med orkester og kammerensemble som Bergen Filharmoniske Orkester, Camerata Salzburg, Czech National Symphony, Israel Philharmonic, London Symphony, Moscow Philharmonic, Oslo-Filharmonien, Rotterdam Philharmonic og Royal Philharmonic Orchestra. 

Siem er lidenskapleg oppteken av å bringe klassisk musikk ut til nye publikumsgrupper. Han har gjenoppliva den eldgamle fiolinistiske tradisjonen med å komponere virtuose variasjonar av populære låtar, blant anna saman med artistar som Bryan Adams, Jamie Cullum og The Who. Charlie Siem spelar på Guarneri del Gesù-fiolinen frå 1735, kjent som «D’Egville». Ved sidan av all musikken samarbeider han også med motemerke som Armani Dior og Hugo Boss. Han har ein stor tverrkulturell appell. 

Håvard Gimse er ein av dei fremste pianistane i Skandinavia. Han studerte ved Hochschule der Künste Berlin hos Hans Leygraf og seinare hos Jiri Hlinka i Norge. Gimse er professor ved Norges musikkhøgskole, aktiv både som solist og kammermusikar, ein ettertrakta akkompagnatør og høgt verdsett pedagog. 

Pianospelet til Gimse er kjenslevart og personleg. Han har eit omfattende repertoar, med ei lang rekkje konsertar og innspelingar som har gjeve han prisar som Diapason d’Or i Frankrike, Gramophone’s Editor’s Choice., Jugend Musiziert European Competition, Steinwayprisen, Griegprisen, Sibeliusprisen, Den norske kritikerprisen, Lindemannprisen – og nominasjon til Nordisk Råds Musikkpris i 2023. I meir enn 30 år har pianisten samarbeida tett med Truls Mørk. 

Vi gler oss til å høyre dei to fantastiske musikarane framføre klassiske perler!

Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

Vis meir

Mån. 28.10 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 15 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 395,-

Barn 195,-

Ungdom/student 195,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord