Challengers

«Challengers» er den nye filmen til den visjonære filmskaparen Luca Guadagnino, og har superstjerna Zendaya i hovudrolla som Tashi Duncan, ein tidlegare tennisproff som er like kompromisslaus utanfor banen som ho var på han. Ho er gift med ein meisterspelar (Mike Faist) som brått slit med å vinne kampar, men når Tashi prøver å snu motgang til medgang, møter dei på den avdanka Patrick (Josh O’Connor) – som er eksen hennar, og mannen sin tidlegare bestekompis. Når fortid møter notid, og spenninga er på sitt høgste, må Tashi finne ut kva det vil koste å ta heim sigeren. Luca Guadagnino («Call Me By Your Name») er både Oscar- og Bafta-nominert, og har regissert «Challengers» etter eit manus av Justin Kuritzkes. Filmen er produsert av Amy Pascal, Guadagnino sjølv, Zendaya og Rachel O’Connor, medan Bernard Bellew er eksekutiv produsent. Golden Globe- og Emmy-vinnar Zendaya («Dune»-filmene, «Euphoria») spelar hovudrolla ved sida av Golden Globe-vinnar Josh O’Connor («The Crown») og Bafta-nominerte Mike Faist («West Side Story»).

Vis meir

Fre. 03.05 Kl. 18.00

Kjøp billett

Søn. 05.05 Kl. 20.30

Kjøp billett

Lengde: 2 t 11 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 125,-

Barn 105,-

Aldersgrense 9 årAlder: 9 år

Detaljar

Skodespelarar: Zendaya, Josh O’Connor, Mike Faist

Regissør: Luca Guadagnino

Produksjonsår: 2024

Premiere: 26.04.24

Manus: Justin Kuritzkes

Land: USA

Sjanger: Drama

Språk: Engelsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord