Carte Blanche: Insight
av Heine Avdal and Yukiko Shinozaki
Korleis kan dans gje oss innsikt i korleis vi navigerar livet i samspel med andre?
Vi lever i ei verd som rivast i saumane – prega av konflikter, motsetningar og kaos. Kvart steg framover møter motstand. Kvardagen er i konstant forhandling, med eit håp for framtida.
I Insight utforskar Heine Avdal og Yukiko Shinozaki det skiftande forholdet mellom individ og fellesskap.
Fellesskapet i Insight er skjørt, fleksibelt og i stadig endring. Dansarane beveg seg i eit system som aldri står stille, der merksemd, rytme og relasjon må forhandlast frå augneblikk til augneblikk.
Framsyninga hentar inspirasjon frå trådleik som ein inngang til å utforske korleis vi opnar og lukka oss for andre. I trådleik flettast skjøre mønstre mellom hender. I Insight ser ein korlseis små gestar er med på å skape ein større heilheit. Resultatet blir til gjennom samspel og merksemd. Drar ein for hardt, bryt figuren saman; held ein for laust, glepp den. Kvar bevegelse er med på å forme heilheita, slik kvar sitt val i ei gruppe påverkar fellesskapet.
Koreografane kallar det her å bevege seg som ein demokratisk kropp – ein praksis der kvar enkelt har betydning i kraft av korlsies dei påverkar heilheita.
Korleis kan ein bevege seg utan å øydelegge for kvarandre?
«Denne framsyninga er ein del av Carte Blanche sin vestlandsturné. Vestlandsturnéen er delfinansiert av Vestland fylkekommune.»
Om Heine Avdal & Yukiko Shinozaki
Heine Avdal og Yukiko Shinozaki har base i Brussel og Oslo. Sidan begynnelsen av samarbeidet i 1996 og seinere gjennom kompaniet fieldworks har dei skapt over 25 forestillinger som er vist i meir enn 30 land.
Saman utforskar dei performativitet som eit porøst og bevegelge samspel mellom bevegelse, lyd, bilde og teknologi. Arbeidet deira hentar impulsar frå eit bredt spekter av disiplin og skaper samansatte uttrykk kor dansen utvidast til ein arena for utforskning. Med følsomheit for både det organiske og det kunstige viska dei ut grenser – og skapar rom der nye betydningar kan oppstå, i det stille eller helit uventa.
I kjernen av deira kunstneriske virke ligg eit ynskje om å utforske kroppen sitt forhold til omgivelsane på nytt, og å invitere publikum inn i denne kontinuerlige oppdagelsesprosessen. I 2025 mottok dei Heddaprisen for until, som hadde premiere på Dansens Hus i Oslo.
Koreografi
Heine Avdal & Yukiko Shinozaki
Komposisjon/Lyddesign
Roeland Luyten
Lysdesign
Heine Avdal & Robert Roespel
Kostymedesign
Indrani Balgobin
Dansere
Adrian Bartczak
Aslak Aune Nygård
Brecht Bovijn
Dawid Lorenc
Gaspard Schmitt
Ihsaan de Banya
Iris Auguste
Mai Lisa Guinoo
Nadege Kubwayo
Noam Eidelman Shatil
Ola Korniejenko
Ole Martin Meland
Olha Mykolayivna Stetsyuk
Trine Lise Moe
PR-foto
Helge Hansen
Prosess og Pressefot
Øystein Haara
Video
David Alræk
Framsyninga varer i omlag 1 time utan pause.
Etter framsyninga vert det ettersnakk, frå kl. 20:10-20:30
Billettar:
«Betal det du kan»: 125/225/325/425,-
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Tys. 14.04 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 0 min
Billettpris:
Betal det du kan 125 125,-
Betal det du kan 225 225,-
Betal det du kan 325 325,-
Betal det du kan 425 425,-

