Bushman`s Revenge i Gymmen
Bushman’s Revenge blandar rockens energi med jazzens friheit på en spennende og medrivande måte. Fredag 9. oktober kjem dei til Nordfjordeid for å halde sleppefest for deira nyaste album «Ah, Les Vaches» i Gymmen!
Bushman’s Revenge ble starta i 2003, og har brukt to tiår på å utforske ulike vegar og lydbilete. På reisa har dei lykkes med å skape ein heilt eigen sjanger. Ein blanding av Alice Coltrane, Wayne Shorter, Bill Frisell, Black Sabbath, Jimi Hendrix, bob hund, Ennio Morricone, Erik Satie, Ornette Coleman og Albert Ayler er lydspora til liva deira – og ein konsert med Bushman’s Revenge er ei berg-og-dal-bane av dynamikk, stemningar, skeive grooves og organiske lydar, pakka inn i vill energi og pur glede. Dette er garva musikarar som bruker heile sin erfaring og platesamling for å nå høgare opp mot ekstasen med ein glødande intensitet. Og ikkje la deg lure: Under Even Helte Hermansens fresande, rockinnsausa gitar ligg eit betonggulv av et komp, hardt, tungt og stødig.
Med 11 kritikarroste album under beltet, og meir enn 300 konsertar over heile verden, har Bushman’s Revenge opparbeida seg et skrekkinnjagande rykte. Magasinet Jazzwise har uttalt at de er «Sinnssykt gode! Som om Jeff Beck ble akkompagnert av Elvin Jones», mens David Fricke i Rolling Stone beskrev dem som «ein Marshall-forsterker-versjon av John Coltranes «Interstellar Space’». Bandet er aktuelle med sitt 12. album, «Ah, Les Vaches», og vi gler oss stort til sleppefest i Gymmen fredag 9. oktober. Anbefalast på det varmaste!
Even Hermansen – gitar
Gard Nilssen – trommer
Tor Egil Kreken – bass
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

