Bjørn Tomren – Jul på godt og vondt

Den heilt unike Stjernekamp-vinnaren frå 2021 kjem endeleg til Operahuset Nordfjord!

Bjørn Tomren med band skal gjere sitt ytterste for å gje oss eit forsiktig snev av julestemning, med eit variert repertoar og lune, artige historier, levert på måten berre Bjørn Tomren kan. 

Romsdalingen vart folkeeige og omtalt som «den kuleste artisten i Stjernekamp gjennom tidene» etter sigeren i 2021. 

Fjorårets juleturné «Med et anstrøk av jul», blei ein kjempesuksess. Konserten blei spelt for fulle hus, og tilbakemeldingane og jubelen frå publikum var klar: Dette måtte gjentakast! Heldigvis for oss, for i fjor hadde vi ikkje plass til romsdalingen på førjulsprogrammet. Vi er difor ekstra glade for å ta imot Bjørn Tomren med band i 10. desember!

Sagt av publikum etter konsertane i fjor: 

«Utradisjonell julekonsert som viser hvilken tusenkunstner Bjørn Tomren er. Følelsesregisteret mitt gjennom konserten gikk fra måpende og forundret via rørt til lattermild» – Sissel, Os

«Bjørn Tomren lager konsertmagi med sin humor, sin enorme musikalitet og sitt personlige uttrykk. Konserten var et høydepunkt og jeg anbefaler konserten på det varmeste til hvem som helst.» Vigdis, Husnes

«En fantastisk konsert. Den desidert beste «julekonserten» jeg noensinne har vært på». Lars-Inge, Bømlo 

«Flott konsert! Tomren har ei utruleg stemme, artig humor og han kan sjonglerer – kva meir kan ein ynskje? Når han i tillegg har med seg tre framifrå musikarar vert det rett og slett heilt prima!» Connie, Førde

«Det er utrolig lenge sia jeg har ledd så mye!! En herlig bisarr humor! Ingen gikk sure derfra.» Tore, Stokmarknes

På scena: 
Bjørn Tomren
Edvard Mjanger – bass
Hans-Olav Molde – trommer
Einar Sogstad – tangentar

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, ein institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

Vis meir

Tys. 10.12 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris inkl. avg.:

Ordinær 675,-

Forsalg 675,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord