Bjørn & Bjarte, den tøffe og den sarte

Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim på turné – Latter, musikk og eit streif av nåde!

To av Noregs mest folkekjære kunstnarar, Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim, slår seg samen for ein heilt spesiell turné. Med ein unik kombinasjon av varme, humor og musikalsk kvalitet, inviterar dei publikum til ein kveld fylt med både latter, undring og ettertanke.

Eidsvåg og Tjøstheim har kjent kvarandre i fleire år. Dei har tøysa og tulla saman i Radioresepsjonen, og Bjørn har vore gjest i Bjarte sin TV-serie Presten, der han mellom anna spelte ein lettare forfylla utgave av seg sjølv. 

No slår dei saman krefter, vidd og det lille dei har av visdom, i ei felles framsyning. Det skal vitsast og herjast, men dei skal og gjere eit forsøk på å reflektere over små og store spørsmål, undring er dei gode på. Begge har ein kyrkjeleg bakgrunn, begge har kjent på tru og tvil, og begge veit korleis det er å ikkje strekke til. Dei er både tøffe og sarte, og ikkje minst gode på å felle nådelause dommar over seg sjølve. Samtidig jakter dei på nåda, på nokon som kan tåle dei som dei er.

Publikum kan forvente seg ei framsyning fylt med latter, musikk og ettertanke. Eidsvåg sitt eminente band vil sørge for musikalsk tyngde, og Tjøstheim vil også bidra med sine rytmiske ferdigheitar. Om det blir oppbyggjeleg og sjelesettande, veit ein ikkje, men kjedeleg blir det definitivt ikkje, til det er framsyninga for kort.

Vis meir

Fre. 13.03 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris:

Ordinær 620,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord