Berekraftsveka: Gode dyrkingsråd med Johannes Nome

Velkomen til foredrag om berekraftig dyrking!

Vil du ha matnytting kunnskap om praktisk dyrking på ein berekraftig måte? Då er dette noko for deg. Denne kvelden får du møte Johannes Nome, ein bonde som  produserer poteter, rotgrønsaker, salatar og diverse andre spennande vekstar på Mikkelsgard på Stårheim. Drifta tek utgangspunkt i økologiske prinsipp utan bruk av plantevernmiddel og kunstgjødsel, og Nome har både solid erfaring og spennande tankar som han vil dele med oss. 
Han er utdanna gartnar og har fagbrev som blomsterdekoratør, og du får praktiske råd og tips om vekstskifte, sortsval og korleis du kan kombinere ulike vekstar. 

Foredraget er gratis, men krev gratisbillett. 

Arrangementet er eit samarbeid mellom Stad bibliotek og Eid hagelag, og er ein del av «Veke 17: beredskapsveka» som markerast på bibliotek over heile landet. 

Vis meir

Ons. 22.04 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord