Bendik Hofseth Woodlands
Saksofonisten og vokalisten tek med seg fire andre internasjonale stjernemusikarar til operascena!
Bendik Hofseth gjev i år ut sitt mest ambisiøse prosjekt, 4LP-boksen Forest. Dei fire albuma representerer fire ulike sider av Bendik sitt liv, både musikalsk og privat: Jazz-plata Trunks, pop-plata Branches, samtid/jazz/impro-plata Roots og miniatyrsamlinga Pollen and Leaves.
Her er stjernelaget Bendik Hofseth Woodlands:
Bendik Hofseth – song og saksofon
Mats Eilertsen – bass
Per Oddvar Johansen – trommer
Eivind Aarset – gitar
Helge Iberg – flygel
Dette seier Bendik om val av musikarar:
«Tanken er jo at musikerne tilsammen utgjør en vev av tilnærminger og impulser. Helge drar det mot samtidsmusikkens estetikk og preferanser, Per Oddvar mot jazz, Eivind mot en slags rufsete klangflate estetikk, Mats mot en mer naken og virtuos verden. Samtidig er alle dypt lyttende, fleksible og lett bevegelige. I den konteksten er bandet nøye satt sammen for å forsøke å speile min verden, men forhåpentligvis også den åpne musikkinteresserte lytters verden.»
Bendik Hofseth starta karrieren som superstjerne i jazzrockbandet Steps Ahead. Deretter blei han lansert som Norges Sting/Peter Gabriel på sjølvaste Columbia Records i USA, der han solodebuterte med IX i 1991. Plata blei 20 år etter kåret til eitt av tidenes beste norske album. Men Bendik ville ikkje la seg diktere av amerikanske marknadskrefter. Han flytta heim og gav ut ei rekkje kritikarroste plater, både i jazzsjangeren, men òg i crossover-segmentet pop/verdsmusikk/samtidsmusikk – og gjerne alt samtidig. På norsk, engelsk og instrumentalt.
Saksofonisten og vokalisten har alltid gått eigne vegar og er kjent blant andre musikarar for å gje medspelarane sine god plass. På 90-talet hadde han med seg musikarar som Knut Reiersrud, Audun Erlien, Eivind Aarset, Paolo Vinaccia og Øystein Sevåg. Relativt ukjende då, men verdsstjerner i etterkant. Bendik er av den trufaste sorten, og når han først likar å jobbe med nokon, så blir dei livet ut.
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Fre. 15.11 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 20 min
Billettpris inkl. avg.:
Ordinær 395,-
Barn 195,-
Ungdom/student 195,-