Atle Oen // Sleppefest for «Safe at Sea» // Gymmen

Den lokale countryartisten Atle Oen spelar sitt nye album i Gymmen på sjølvaste sleppedagen fredag 18. oktober!

Billettar i sal på Eventim: www.eventim.no/artist/atle-oen

Atle Oen sitt tredje album er spelt inn i Gymmen Studio, så det er perfekt å feire dette med sleppefest i Gymmen!

Denne gongen har han med seg Hege KL Naustdal som medprodusent og ikkje minst på vokal. Albumet er spelt inn i Gymmen studio, med lokale musikarar. Oen og bandet lovar kortreist kvalitetscountry, med solide innslag av blues, folk og countryrock.

I tillegg til Hege på vokal har han samla alle som spelar på plata, og stillar mannsterkt med Dan Aasebø på gitar, Stig Hegrenes på trommer, Raimund Hoclas på bass, Øystein Undem på tangentar og Steinar Karlsen på lap steel og gitar.

Atle Oen (48) frå Nordfjordeid og Øygarden har gitt ut to album og ein EP med eigne låtar i americanasjangeren. Han har vore nominert til årets nykommar av NRK Sogn og Fjordane og fleire av låtane han har laga blir spelt jamleg på NRK radio.

Dørene opne kl. 20.00-01.00
Plateprat (såkalla Q&A) kl. 21.00
Konsertstart kl. 21.30
Aldersgrense 18 år
Billett kr 250,-
Billettar: www.eventim.no/artist/atle-oen

Velkomne til ein deilig fredag i Gymmen!

Vis meir

Fre. 18.10 Kl. 21.00

Lengde: 2 t 0 min

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord