Andreas Rotevatn // Gymmen

Andreas Rotevatn sitt spennande & nyskapande nye album «Av daude gror” på heimebane i Gymmen!

Billettar i sal på Eventim: www.eventim.no/artist/andreas-rotevatn

Fest eller flinkis, klubb eller kyrkje, håvamål eller autotune, alternativ pop eller tilgjengeleg jazz? Trombonist, komponist og artist Andreas Rotevatn gir deg alt samen, og alt midt i mellom.

Live får publikum oppleve musikk som er energisk, suggererande og framført av fem av dei fremste livemusikarane i landet! I arbeidet med musikken, hadde Rotevatn ein tanke om å lage noko som var – tilgjengeleg, men med djupn – avansert, men samstundes catchy – guilty pleasure for musikkeliten, men òg ei kjensle av aquired taste for den gjengse lyttar Rett og slett ein form for musikk som både kan gje lyttaren dansefot på konsert, og ei kjenslelada indre reise!

Andreas Rotevatn er ein kløyvd artist, som stend stødig i det todelte. På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over ti år som kunstnar i storbyen. Rotevatn nærer ein kjærleik for bruksmusikk og det dansbare, trass i ei omfattande utdanning på fleire eliteskular for musikk. Ein spellemannsnominert og prisvinnande komponist, som jamvel òg har brei apell og gode strøymetal. Ein dag høyrer han på Miles Davis og Stravinskij, hin dagen er det Avicii og Michael Jackson. Rotevatn er tekstleg inspirert av fortida, gjennom Håvamål, Ivar Aasen og Bibelen, men samstundes vert han inspirert av moderne og lydar frå synthar og trommemaskiner. Det akustiske og improviserte, møter det elektriske og planlagde. Einkvan stad i midten, i symbiosa, der trivast Rotevatn best!

Dørene opne kl. 20.00-01.00
Konsertstart kl. 21.00
Aldersgrense 18 år

Billett kr 250,-

Billettar: www.eventim.no/artist/andreas-rotevatn

Vis meir

Lau. 09.11 Kl. 21.00

Lengde: 2 t 0 min

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord