Aiming for Enrike + support: Dûn i Gymmen

Norges feitaste rockeduo og deilig vestkystrock til Gymmen!

Billettar i sal på Eventim: www.eventim.no/artist/aiming-for-enrike-support-dun-gymmen

Den eksplosive Oslo-duoen, Aiming for Enrike, skapar eit spennande og eige univers med deira nyskapande og inntrykksfulle musikk. Med eit trommesett, ei rekke samankopla gitarforsterkarar og ein serie loop- og effektpedalar, har dei dei siste åra turnert over heile verda med sine frenetiske, ville og engasjerande live-shows. Duoen ønsker å nå utover scenekanten og inn til publikum med sine hypnotiserande rytmar og gigantiske lydbilde spelt med rockeinstrument. Med eit slikt massivt uttrykk kan det være vanskeleg å forstå at Aiming for Enrike kun består av to personar; Éin gitar, spelt av Simen Følstad Nilsen, og eit trommesett, utført av Tobias Ørnes Andersen. Dei har bevist gong på gong at det berre trengst to unge musikarar med ein sterk felles vilje for å skape ein ny, original lyd. Ved å fryktlaust slenge seg inn i eit sjangerforvirrande landskap og samtidig stole blindt på eigen intuisjon, lagar dei ein form for musikk som får blodet til å bruse. Nøkkelen ligger i duoens infernalske driv, deira nesten idiotisk symbiotiske samspel, deira svimlande tekniske eigenskapar og ikkje minst deira breie musikalske palett. Ikkje gå glipp av sjansen til å oppleve dette fenomenet live på intim scene i Gymmen 21. september!

Rockebandet DÛN har base på Noregs forblåste og vakre vestkyst, og slapp i 2023 EP på det uavhengige plateselskapet Darkness Inkasso. Denne utgivelsen er miksa og produsert av Bjarte Rolland frå Kvelertak og mastra av Ruben Willem. Det høyrest crisp, høylytt og tilfredsstillande upolert ut. Høsten 2024 slepp dei ny musikk, men fyrst åpnar dei ballet på Gymmen før Aming for Enrike. Kom tidleg!

Dørene opnar kl. 20.00
Konsertstart kl. 21.00

Aldersgrense 18+

Billettar i sal på Eventim: www.eventim.no/artist/aiming-for-enrike-support-dun-gymmen

Facebook-arrangement

Vis meir

Lau. 21.09 Kl. 21.00

Lengde: 2 t 0 min

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord