Russerevyen 2027: SYNDEBUKK- PREMIERE
Ingen kjem unna fortida. Kva skjer når gamle klassekameratar samlast igjen, og fortida plutseleg bankar på døra?
Velkomen til reunion! Det er tid for å mimre tilbake til skuletida og ta igjen det tapte. Men, ikkje alle minne er like gode, og ikkje alle hemmelegheiter er meinte å kome fram i lyset.
Bak smil, gamle vennskap og nostalgiske tilbakeblikk skjuler det seg historier som helst skulle ha blitt verande i fortida. Når mystiske ting begynner å skje, blir spørsmålet stadig meir aktuelt: Kven har eigentleg skulda?
Gjennom dans, musikk og humor tek årets russerevy ved Eid vidaregåande skule deg med på ein kveld der ingenting er heilt som det ser ut. Gamle konfliktar blussar opp, nye blir til og hemmelegheiter kjem til overflata.
For når noko går gale, må nokon få skulda. Men kven blir syndebukken?
Vi lovar ein kveld fylt med latter, kaos, overraskingar og kanskje eit par avsløringar du ikkje såg kome.
Velkomen til SYNDEBUKK – ein reunion du seint vil gløyme!
Revyen er skreven av: Emma Barmen
Simon Hjelle
Ruth Holmen Balsnes
Edit Wik Djønne
Tale Michelle Stave Kolseth
Vårin Erviksæter Hals
Agnes Bjelland Nøstdal
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.

