Minikonsert og bokbad – Kjølsdalen musikklag
«Til kvardag og fest» er tittelen på Kjølsdalen musikklag si jubileumsbok. Brassbandet vart skipa i 1926, og boka er eitt av dei store høgdepunkta i 100-årsfeiringa. Måndag 19. oktober kl. 20.00 inviterer Stad bibliotek og Kjølsdalen musikklag til minikonsert og bokbad i Operahuset Nordfjord. Arrangementet byrjar i foajeen, der Kjølsdalen musikklag held minikonsert under leiing av dirigent Jon-Vegar Sole Sundal.
Vi flyttar oss så ned til biblioteket, der du kan forsyne deg med gratis kaffi og kanskje kjøpe jubilemsboka før bokbadet startar om lag kl. 20.30.
Bokbadet er ein samtale mellom biblioteksjef Janne Mari Hjelle og medlemmene i boknemnda: Jan Kåre Sæthre, Kristin Lefdal, Terese Balsnes og Helga Didrikke Sundal. I Kjølsdalen har korpsmusikken bunde folk saman til kvardag og fest i hundre år. Jubileumsboka fortel historia om Kjølsdalen musikklag, frå før pionerane sine fyrste tonar i 1926 til den storslegne 100-årsjubileumskonserten i 2026. Over 500 fotografi og avisutklipp, intervju, artiklar og fakta gjev eit innblikk både i dei store hendingane og kva som må til for å drive eit korps frå dag til dag. Samstundes er dette forteljinga om ei lita bygd, der frivillig engasjement og fellesskap har stått sterkt gjennom generasjonar, og framleis gjer det. Boka er laga av fire musikklagsmedlemmer med eit bankande hjarte for korpset, bygda og historia. Med på laget har dei hatt dyktige fagfolk: ein journalist, ein fotograf og ein grafikar. Resultatet er ei innhaldsrik bok på 300 sider. Det blir høve til å kjøpe jubileumsboka før og etter bokbadet.
Gratis inngang!
Alle er hjarteleg velkomne
Arrangørar: Stad bibliotek og Kjølsdalen musikklag

