Iselin Guttormsen Kommer – En forestilling om seksualitetens historie
Kjem du? Etter braksuksessen med Onenightstand er Iselin Guttormsen tilbake med eit splitter nytt soloshow: Kommer! Denne gongen tar ho publikum med på ei underhaldande, personleg og overraskande tidsreise gjennom historia, på jakt etter den hellige gral: den kvinnelege orgasmen.
Kvifor opplever så monge kvinner manglande lyst? Kvifor har vi framleis orgasmegap, der menn oftare får orgasme enn kvinner? Og kvifor kjem kvinner oftare alene og med andre kvinner enn med mannlege partnarar? Er svaret biologisk? Kulturelt? Handlar det om skam, manglande kunnskap – eller fleire hundre år med misforståingar rundt kvinnekroppen? Med humor, forskning, personlege erfaringar og sitt karakteristiske skråblikk på samfunnet dykker Iselin ned i sex, lyst, makt, historie og orgasme. For kvinner er utstyrt med eit organ som kun er skapt for nytelse. Så kvifor kjem vi ikkje? Kommer! er en kveld for både kvinner og menn – for deg som vil le, lære og kanskje gå heim med eit litt anna syn på sex enn da du kom. Det er på tide å gå fra Onenightstand til heit, rå og sensuell elskov. Iselin kjem definitivt. Kjem du?

