Julenissens verksted

Bli med på ei eventyrleg reise på jakt etter Julenissens verkstad – ein film for heile familien, fylt med humor, kjende songar, ekte julestemning og ein julebodskap som vil varme i vinterkulda.

Då ni år gamle Mari vaknar ei natt og oppdagar ein nisse på soverommet sitt, blir det starten på eit juleeventyr utanom det vanlege. Med ein gjenglemd nissevott som einaste spor legg ho, farmor og ein svært skeptisk pappa ut på ei eventyrleg ferd for å finne julenissen, medan eigaren av votten, nissen sin vesle hjelpar Stompen, gjer alt han kan for å stanse dei. For Julenissens verkstad kan nemleg ikkje bli oppdaga – det ville vore ein katastrofe! Ferden går gjennom skog, hei og vakre vinterlandskap. Men utfordringane er mange – dei må òg forbi skogens vaktar, Kjerringa med staven, og kjempe seg gjennom ein frykteleg snøstorm. Reisa er ikkje berre spennande – ho opnar òg auga til familien for kvarandre, og til slutt innser dei kva den verkelege magien i jula er. Gjer deg klar for årets julefilm for heile familien, stappfull av julestemning og kjende songar av Thorbjørn Egner, som «Kaptein Sorte Bill», «Dyrene i Afrika» og «Det snør det snør» – framførte av nokre av landets fremste artistar, mellom andre Sissel Kyrkjebø.

Vis meir

Fre. 06.11 Kl. 18.00

Kjøp billett

Lau. 07.11 Kl. 10.30

Kjøp billett

Søn. 08.11 Kl. 16.30

Kjøp billett

Lengde: 1 t 15 min

Billettpris:

Ordinær 130,-

Barn 110,-

Aldersgrense AAlder: A

Detaljar

Skodespelarar: Sissel Kyrkjebø, Hennie Vanay-Almaas, Lene Kongsvik, Jan Gunnar Røise, Victor Sotberg, Christopher Robin Omdal, Robin Hofset, Herborg Kråkevik, Ivar Nørve, Gisken Armand

Regissør: Rasmus A. Sivertsen og Mette Tange

Produksjonsår: 2026

Premiere: 06.11.26

Manus: Mina Stenebråten, Ingrid Hauklidsæter, Karsten Fullu

Land: Norge

Sjanger: Familiefilm, Barnefilm, Animasjon

Språk: Norsk

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord