Katten med hatten
Møt Katten med hatten – som du aldri har sett han før! Frå den magiske fantasien til Dr. Seuss kjem Katten med hatten til det store lerretet i sin første animerte kinofilm – eit heilt nytt, episk eventyr der rampestrekar, magi og kaos rår.
Katten gjer det han kan best: spreier glede til barn på sin unike, morosame og uimotståeleg frekke måte, og tek publikum med på ei fantastisk reise gjennom ei verd dei aldri har sett før. I filmen får helten vår sitt tøffaste oppdrag hittil for I.I.I.I. (Instituttet for Institusjon av Inspirasjon og Imaginasjon, AS): å muntre opp Gabby og Sebastian, eit søskenpar som slit med å tilpasse seg etter å ha flytta til ein ny by. Katten er kjend for å ta ting litt for langt – og dette kan vere hans siste sjanse til å bevise kva han er god for … eller miste den magiske hatten sin! Regissert av Alessandro Carloni og Erica Rivinoja markerer «Katten med hatten» Warner Bros. Pictures Animations første helaftens kinofilm. Filmen kjem på kino 4. desember, med både norsk og engelsk tale.
Lau. 07.11 Kl. 13.00
Kjøp billettLengde: 1 t 47 min
Billettpris:
Den store kinodagen – vaksen 65,-
Den store kinodagen – born 55,-
Alder: 6 år

Detaljar
Skodespelarar: Bill Hader, Xochitl Gomez, Tiago Martinez, Quinta Brunson, Matt Berry, America Ferrerra, Paula Pell
Regissør: Alessandro Carloni, Erica Rivinoja
Produksjonsår: 2026
Premiere: 04.12.26
Manus: Alessandro Carloni, Erica Rivinoja, Dr. Seuss
Land: USA
Sjanger: Komedie, Familiefilm, Barnefilm, Animasjon
Språk: Norsk
Undertekst: Uten

