Tilbake til Tottori

«Tilbake til Tottori» er oppfølgjaren til «Tottori! Sommeren vi var alene» frå 2020. Den fyrste filmen vart svært godt mottatt av både publikum og kritikarar og vann ei rekkje prisar i Noreg og utlandet, mellom anna Amanda for Årets barnefilm.

Filmen følgjer Billie (12) og Vega (16), seks år etter hendingane i den fyrste filmen. Familien er i oppløysing, og Billie lengtar attende til styrken ho og systera ein gong fann saman, det dei kalla superkrafta si. Med det analoge kameraet til faren som følgjesvenn legg Billie ut på ei reise som blir både fysisk og kjenslemessig. Undervegs møter ho menneske og situasjonar som utfordrar henne, men som også gjev henne meistring. Ho må stole på seg sjølv, improvisere og handtere det uføresette. Karakterane er seks år eldre enn i «Tottori! Sommeren vi var alene» og målgruppa har vakse med karakterane. Filmen eignar seg godt for barn og ungdom mellom 8 og 14 år.

Vis meir

Tor. 24.09 Kl. 18.30

Kjøp billett

Lengde: 1 t 31 min

Billettpris:

Ordinær 130,-

Barn 110,-

Aldersgrense 6 årAlder: 6 år

Detaljar

Skodespelarar: Billie Østin, Vega Østin, Olai Gummedal, Oddgeir Thune m.fl.

Regissør: Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen

Produksjonsår: 2026

Premiere: 18.09.26

Manus: Silje Salomonsen og Arild Østin Ommundsen

Land: Norge

Sjanger: Familiefilm, Drama

Språk: Original

Undertekst: Norsk

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord