Operapub i Gymmen
Sidan Opera Nordfjord er så heldig å ha både eit flott solistlag med strålande dyktige operasongarar og besøk av ein av Spanias aller beste Flamencodansarar, har vi slått nokre av desse kunstnariske kreftene saman og innbyr til Operapub med Flamencodans i Gymmen Scene tysdag 6. oktober.
Frå solistane i Carmen møter vi Lilly Jørstad, Cleo Lee-McGowan, Cecilia Lund Tomter, Magnus Dorholt Kjeldal og Trond Gudevold, og dei vil by på eit spennande og litt annleis konsertrepertoar denne kvelden. Både spansk operettemusikk, tyske cabaret-songar og kjende operasvisker står på programmet, og kanskje tek Trond med seg klarinetten sin i tillegg til bass-stemma si og tryllar ut nokre vakre tonar frå sitt rikhaldige repertoar!
Ikkje minst får publikum ei heilt spesiell oppleving når Flamenco-dansar Gabriel Aragú Gonzáles i ei eiga avdeling innvier sitt publikum i Flamenco-kunsten. Gabriel er på Nordfjordeid for aller første gong, og sjølv om det er langt frå Flamencomiljøet i Sevilla, der han bur til dagleg, til Nordfjord, skal vi nok kjenne ein vesentleg auke i pulsen og kraftige rykk i dansefoten, når tonar og dansetrinn tek oss med inn i ei ny verd av spansk lidenskap.
Som tittelen innbyr til, vert det òg open bar før og etter konsert-avdelinga, og vi vonar at mange finn vegen til Gymmen Scene til ein kjekk tysdagskveld heilt utanom det vanlege!
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

