FJORD
Oscarnominerte Renate Reinsve og Sebastian Stan møter alle foreldres verste mareritt i det Cannes-aktuelle samtidsdramaet Fjord, sett i eit norsk fjordlandskap. Ein norsk-rumensk familie flytter frå Romania til ein liten tettstad i Norge. Her kjem fembarnsfamilien raskt i kontakt med den lokale meinigheta og med naboane, som har born i same alder. Når skulen mistenkjer at foreldra praktiserer fysisk avstraffing mot borna sine, vert det tatt affære. Fjord er eit aktuelt, spanande og tankevekkande familiedrama som utforskar kulturforskjeller og dei skjøre grensane mellom privatliv og institusjonell makt. Regien er ved den internasjonalt kjente regissøren Cristian Mungiu som vann Gullpalmen i 2007 for “4 måneder, 3 uker og 2 dager”. I hovudrollane finn vi Oscar-nominerte Renate Reinsve og Sebastian Stan som gjenforenast etter å ha spela mot kvarandre i A Different Man (2023). Filmen visast i hovudkonkurransen på den 79. filmfestivalen i Cannes 13. – 24. mai der den konkurrerer om den prestisjefylte Gullpalmen. Norske produsenter er Dyveke Bjørkly Graver (A Prayer for the Dying, Min fantastiske fremmede, Syk pike, Verdens verste menneske) og Andrea Berentsen Ottmar (Affeksjonsverdi, Syk pike, Armand, Verdens verste menneske).
04.09.2026

Detaljar
Skodespelarar: Renate Reinsve, Sebastian Stan, Christian Rubeck, Lisa Loven Kongsli, Ingvild Lien, Ellen Dorrit Petersen, Thorbjørn Harr
Regissør: Cristian Mungiu
Produksjonsår: 2026
Premiere: 04.09.26
Manus: Cristian Mungiu
Land: Norge, Romania
Sjanger: Drama
Språk: Original
Undertekst: Norsk

