Mari Boine – Jubileumsturné

Mari Boine fyller 70 år og feirar med jubileumsturné!

Den ikoniske samisk-norske artisten og aktivisten Mari Boine fyller 70 år i år, og markerer datoen med ein omfattande jubileumsturné. Gjennom meir enn fire tiår har Mari Boine vore ein av landets mest grensesprengjande og betydningsfulle kunstnarar. Med eit uttrykk som sømlaust bevegar seg mellom joik, jazz, folkemusikk, rock og elektroniske elementar, har ho, saman med sine musikarar, skapt eit heilt eige musikalsk språk som fortsetter å inspirere generasjonar av lyttarar, både i og utanfor Noreg. Boine er ein markant stemme, som gjennom heile karriera har utfordra grenser og løfta samisk kultur, historie og identitet fram i offentlegheita. Samstundes har ho skapt musik som forenar publikum på tvers av landegrensar og språkbarrierar. Dei siste åra har og vist at Boine framleis er ein artist i kontinuerleg utvikling. Etter å ha nådd ut til eit nytt og bredare publikum gjennom Hver gang vi møtes, som ble fulgt opp av omfattande turnéverksomheit og ny musik, fortsettar Mari Boine stadig å fornye sitt uttrykk. Denne hausten inviterar ho publikum med på ein turné som skuar bakover på ein ekstraordinær karriere og samstundes peiker framover. Publikum kan vente seg sterke musikalske augeblikk, låtar frå heile katalogen, inkludert ALVA(hennar nyaste album) og ein artist som framleis innehar den same krafta, nærværet og kunstnariske nysgjerrigheita ho har blitt kjend for. Haustens konsertar blir ein sjelden høve til å oppleve ein levande legende saman med sitt fabelaktige band. Vi gler oss til dei kjem til Operahuset Nordfjord fredag 13. november.

Vis meir

Fre. 13.11 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris:

Ordinær 675,-

!forsalgMariBoine 675,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord