Helse i kvardagen: 60+

Saman løftar vi blikket mot framtida!

  •  Korleis planlegg vi framtidas helsetenester
  •  Korleis kan vi bu trygt heime lengst mogleg?
  •  Kva gir meining og livsglede i kvardagen?
  •  Og korleis kan vi støtte kvarandre i å leve gode liv?

 

Måndag 8. juni inviterer Stad kommune til eit ope informasjons- og kunnskapsmøte om aldring og helse. Dette er ei samling for deg som er oppteken av livskvalitet, helse og gode omsorgstilbod i eldre år.


Helse- og omsorgstenestene er i utvikling, og det skjer endringar i måten vi løyser oppgåvene på. Samstundes veit vi også meir enn før om kva som gir god livskvalitet, meistring og tryggleik i kvardagen.


Denne kvelden ønskjer vi å gje eit godt og oversiktleg bilete av korleis kommunen arbeider med framtidas helsetenester. Målet er å gi deg innsikt i kva som er under utvikling – og kva moglegheiter som finst for å leve godt og trygt heime, også når helsa endrar seg.

 

Tema i programmet

  • Korleis planlegg vi framtidas helsetenester i Stad kommune
  • Tilbod innan demensomsorg
  • «Bu trygt heime»
  • Ein aktiv og meiningsfull kvardag i Stad kommune
  • Panelsamtale med høve til spørsmål

 

Målet med samlinga er å gje innsikt, skape forståing, inspirasjon og rom for refleksjon. I panelsamtalen møtest fagpersonar, brukarar, pårørande, frivillige og beslutningstakarar for å dele erfaringar og lære av kvarandre.

Samlinga er delt i to delar, med pause midt i. Det blir servert kaffi og noko enkelt å bite i.

 

Påmelding

Arrangementet er gratis, men du må melde deg på. Det er fri plassering i salen (ingen setereservasjon). 

Det er også mogleg å reservere billett ved å ringje Stad bibliotek på telefon 918 58 980. Billetten kan du hente i billettluka når du kjem.

Har du rullestol, må du ta kontakt for bestilling og reservasjon av plass på post@operahuset.no


Transport

Det blir sett opp gratis transport frå Selje og Stadlandet. Meir informasjon kjem.


Vi ønskjer alle velkomne!

 

 

Vis meir

Mån. 08.06 Kl. 17.00

Kjøp billett

Lengde: 3 t 0 min

Billettpris:

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord