Stad Kulturskule: Haustshow
Velkomen til Stad kulturskule si haustframsyning VINNAREN i Operahuset Nordfjord torsdag 12. november kl. 18.00!
Kva vil det eigentleg seie å vere ein vinnar? Denne framsyninga utforskar ulike måtar å vinne på. Nokre gonger handlar det om dei store triumfane, andre gonger om dei små augneblinka. Kanskje er det nettopp dei “store små” seierane som betyr aller mest?
VINNAREN vert formidla av kulturskuleelevar gjennom dans, kunst og song. Alle er hjarteleg velkomne – ta gjerne med vener og familie!
Billettar:
Vaksne kr 100 / barn kr 50
Elevar som deltek treng ikkje billett.
Vi oppmodar alle om å kjøpe billett i forkant.
Foto: Svein Nesbakk
Vis meir

