Orkesterseminar med Nordfjord tutti!
Laurdag 6. juni vert det orkesterseminar i Operahuset med Nordfjord tutti!
Orkesteret er eit samarbeid mellom Stad kulturskule, Gloppen kulturskule og UNOF.
Vi er så heldige å få besøk av Oddhild Louise Nyberg, Miriam Bergset Gibbs og Ragnhild Sannes til dette seminaret! Dei er alle tidlegare elevar frå våre kulturskular og arbeidar no som profesjonelle musikarar. Dei skal lede eit orkester for dei yngste elevane, og eit orkester for dei eldste elevane. I tillegg deltek Nordfjord tutti sine faste instruktørar Henrik Silfverhielm og Olga Pavlova.
Dagen avsluttast med ein uformell hentekonsert.
Vis meir

