Elskhug og Eksis Førjulskonsert

Når mørketida senkar seg og forventninga til jul fyller lufta, inviterer Elskhug og Eksis til ei innhaldsrik musikalsk oppleving i Operahuset.

Barn, ungdom og vaksne møtest på scena i ei variert framsyning med kjende og kjære julesongar, krydra med små dryss frå dei store musikalane undervegs. Her blir det stor showfaktor, gåsehudgaranti og rom for ettertanke.

Med song, skodespel og dans byr Elskhug og Eksis på ein kveld fylt med energi og ekte juleglede. Velkomen til Operahuset 21. november kl. 17.00!

 

Varigheit omlag 2 timar inkl. pause

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no

Representerer du ei bedrift, ein institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no 

 

 

 

Vis meir

Lau. 21.11 Kl. 17.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris:

Ordinær 425,-

Barn 175,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord