Flukten
Flukten er som Flukten gjer. Det er kanskje den enklaste måten å beskrive denne strålande kvartetten, beståande av fire av dei skarpaste og mest aktive unge musikarane på den yrende norske jazzscena: saksofonist Hanna Paulsberg, gitarist Marius Klovning, bassist Bárður Reinert Poulsen og trommeslagar Hans Hulbækmo. Torsdag 10. september kjem dei til Nordfjordeid for å spele for oss i Gymmen.
Å påstå at eit band kan sleppe unna merkelappar er blitt ei traus merkelapp i seg sjølv. Det går også fint an å nevne ei long rekkje referansar i møte med Fluktens musikk: Amerikanske meistere som Ornette Coleman, Bill Frisell, Paul Motian, John Scofield og Henry Threadgill, for å nevne nokon – i tillegg til eit mylder av assosiasjonar til ein rekkje stilartar og tradisjonar. I Flukten får desse fire musikarane sine indre jazzentusiastar frie tøyler.
I band som Hanna Paulsberg Concept, Wako, Skadedyr, Gard Nilssen’s Supersonic Orchestra, Moskus, GURLS, Hullyboo og Atomic har dei prega den norske scena dei siste femten åra, med eigenart og stor nysgjerregheit. Dei har stått for utallege store augeblikk i desse banda, og då dei danna Flukten, ble dei fort eit av jazzbanda man simpelthen må få sett, med gode låtar og eventyrlyst. Etter ei kritikarrost og Spellemann-belønna debutplate fra 2021, ei bejubla oppfølger fra 2024 og ein lang rekkje strålande konsertar, er det ingen overdrivelse å plassere dei nær toppen av dette tiårets mest sentrale norske jazzband.
Men mest av alt føles Flukten framleis som eit friheitsprosjekt. Dei fire musikarane starta opp i mars 2020. Stuck i byen, med tomme timeplaner, møttes Paulsberg, Klovning, Poulsen og Hulbækmo på eit øvingslokale i Oslo for å spele, ha det gøy og kanskje lære noko nytt. Da dei tok det til scena smittet gleden – mange, viser det seg, vil ta del i flukten. Bandet har på si side fortsatt å leite etter nye vegar å gå. Flukten er framleis som Flukten gjer – det er enklast slik, og det er også meir enn nok!
Flukten:
Hanna Paulsberg, saxofon
Marius Klovning, gitar
Bárður R. Poulsen, bass
Hans Hulbækmo, trommer

