Berekraftig FAMILIElaurdag med klesbytedag og sådag
Velkomen til berekraftig FAMILIElaurdag med sådag og klesbytedag!
Frå 11:00 – 14:00 kan du sysle med desse kjekke aktivitetane på biblioteket:
SÅ-DAG! Frå kl. 12:00 står Grøn integrering klare til å ta i mot deg, og her kan du så deg anten solsikke, grønkål eller sukkererter!
KLESBYTEDAG! Lever inn reine og heile kle og sko gjennom veka (måndag 20. april tom. fredag 24. april) og få klesbytelappar i retur. Desse kan du byte inn i plagg laurdag 25. april mellom 11:00 – 14.00. Merk: du kan levere inn maks 8 plagg.
KONKURRANSAR! Bli med på rebus i biblioteket – vinn kjekke kinopremiar.
GRATIS KAFFI OG VAFLER frå Eid Røde Kors omsorg sin laurdagskafe.
Velkomen til ein kjekk og berekraftig laurdag!
Vis meir

