Svelekameratane – 30 år med røre!

I 2027 er det 30 år sidan Svelekameratane slapp sitt første album, «Delvis Skya Opphaldsveir.» Sidan den gong har Svelene spelt opp til fest og song i alle krikar og krokar langs Vestlandskysten, og stadig sluppe ny musikk som har sett sine spor i kulturen. No er det på tide å ta på finstasen, og innta Operahuset Nordfjord med eit heilaftans jubileumsshow som spenner 30 år med musikk og historier. Svelene lovar ein fullpakka kveld med gjester, storslåtte framføringar frå heile katalogen, og små og store overraskingar!

I eit univers som gliser i same retning som Raga Rockers, Dum Dum Boys, Ingenting og Jokke, lirar «Svelene» av seg fandenivoldske rockelåter, ofte med djupereliggande meldinger mellom linjane, og eit særeige glimt i auget. Alt servert med tekstar på Nordfjord-dialekt og stort allsongpotensiale.

Bandet har gjett ut åtte platar; «Delvis Skya Oppholdsvær», «Live På Fabrikken», «Tegnestiften», «Sanne Episoder»,«Håpløst Håpefull», «Fri Fugl», «Sveiv i gang» og «Sjangledans» i tillegg til singler, og jobber stadig med nytt materiale.

Svelene har i monge år vært Malakoff Rockfestival sitt faste husband der dei har servert heidundrandes og energiske konsertar som det går vandrehistoriar om. Dei siste åra har arbeidet med nytt materiale og eit stødigere, meir variert sett med akustiske innslag, gjort Svelene meir rusta for å spele på klubbar og store festivalscener. Bandet ble i 2014 tildelt Eid kommune sin kulturpris.

Svelekameratane består av:
Tom Grinde – vokal
Bjørn Dahlgren – gitar
Rune Standal – slagverk
Knut Inge Bjørneset – bass
Sverre Brungot – gitar
Rebecca Grinde – kor

Vis meir

Fre. 22.01 Kl. 20.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris:

Ordinær 495,-

Barn 295,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord