Sauedetektivene
Ein fårete forteljing for heile familien!
Sauedetektivene er ein morosam og spanande film for heile familien. Vi følgjer gjetaren George Hardy, som elskar sauene sine og les høgt frå krimbøker for dei kvar kveld. Det George ikkje veit, er at dei sylskarpe sauene forstår kvar einaste finurlege detalj og diskuterer ledetrådane i time etter time. Når deira kjære George plutseleg døyr under mystiske omstende, skjønar flokken raskt at dette ikkie er en ulykke, men ein ekte kriminalsak! Med ein lokal politimann som er på djupt vatn, bestemmer dei modige sauene seg for å forlate den trygge, irske enga for aller fyrste gong. No må dei bruke all si kløkt og samarbeidsevne for å løyse mysteriet og redde familien sin!
08.05.2026

Detaljar
Skodespelarar: Molly Gordon, Emma Thompson, Hugh Jackman, Bryan Cranston, Nicholas Galitzine, Julia Louis-Dreyfus, Nicholas Braun, Bella Ramsay
Regissør: Kyle Balda
Premiere: 08.05.26
Manus: Craig Mazin, Leonie Swann
Land: USA
Sjanger: Komedie, Familiefilm
Språk: Norsk
Undertekst: Norsk

