Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani

Operahuset Nordfjord er stolte over å presentere Hans Majestet Kongens 3. Gardekompani fredag 22. mai i operasalen. Som ein del av Noregsturnéen vil Musikktroppen halde ein festkonsert med variert repertoar og innslag frå Drilltroppen.

Hans Majestet Kongens Garde si mest profilerte og kjende avdeling er utan tvil 3. Gardekompani. Kompaniet framstår i dag som ei rein parade- og oppvisningseining, med underavdelingane Musikktropp og Drilltropp. I nærare 50 år har musikk- og drillgardistar representert HM Kongens Garde, Forsvaret, og ikkje minst Noreg på ein særleg god måte. Avdelinga har med sin særeigne karakteristikk og kombinasjon av drill og musikk hausta stor suksess i både inn- og utland. Kontingenten består i år av 120 vernepliktige soldatar. 3. Gardekompani kjem til Operahuset 22. mai som ein del av sin Noregsturné. Her vil Musikktroppen halde ein festkonsert med variert repertoar og innslag frå Drilltroppen.

Vis meir

Fre. 22.05 Kl. 19.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 0 min

Billettpris:

Ordinær 275,-

Barn 110,-

Festkonsert skulekorps 150,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord