Teater Vestland: Gubben og katten og nissemaskina

Er du klar for ei leiken, hjartevarm og fullstendig julemagisk oppleving?

 
I Gubben og katten og nissemaskina møter vi den snille og litt rare Gubben Pettersen og katten Findus, som er like full av sprell som alltid.     
 
Findus vil ha nisse på besøk. Ordentleg nisse. Med skjegg, sekk og julehumør!  
Pettersen trur ikkje på nissen, eller, det er hvertfall lenge sidan han har sett ein.  
Kva gjer ein når ein treng nisse, men ikkje kjenner nokon?   
  
Sven Nordqvist sine bøker om Gubben og katten har begeistra ungar og vaksne i over tretti år, og vi gler oss til å invitere heile familien inn i teateret for ein solid dose av den gode julefølelsen. Publikum får vere med på ei fantasifull reise full av oppfinningar, julelys og forunderlege møte. Og kanskje dukkar det også opp ein ekte nisse til slutt? 
 
 
Kunstnarleg lag
Av Sven Nordqvist
Regi Ingrid Askvik
 
Resten av kunstnarleg lag og skodespelarar blir annonserte seinare. 
 

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris:
Ordinær 325,-
Honnør 275,-
Scenekort 245,-
BOB-medlem 265,-
Teaterven 265,-

 

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

Vis meir

Ons. 16.12 Kl. 18.00

Kjøp billett

Lengde: 1 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 325,-

Honnør 275,-

Scenekort 245,-

BOB-medlem 265,-

Teaterven 265,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord