Vestlandsk Sommarsymfoni 2026
Vestlandsk Sommarsymfoni er tilbake på Nordfjordeid – for 48. gong!
Frå 25. juli til 1. august blir det igjen liv og røre i Eid når Vestlandsk Sommarsymfoni går av stabelen. Kurset blir arrangert av Norske Symfoni-Orkestres Landsforbund(NASOL), og som vanleg er Fjordane Folkehøgskule det musikalske samlingspunktet – ein stad som kombinerer fantastiske omgjevnader, gode fasilitetar og eit inkluderande og dyktig vertskap. Høgdepunktet vert festkonserten i Operahuset Nordfjord laurdag 1. august kl. 18.00.
Deltakarane kjem frå heile landet og spenner frå engasjerte amatørar til musikkstudentar og lærarar. Målet er klart: å samle eit fullt symfoniorkester og arbeide med store verk ein sjeldan får høve til å spele i kvardagen. Dei fleste deltakarane kjem frå mindre orkestermiljø, og difor er denne veka eit høgdepunkt både musikalsk og sosialt. I år stiller kring 80 musikarar frå heile landet – eit mangfaldig og inspirerande ensemble!
NASOL hentar inn dyktige instruktørar som både inspirerer og underviser med høg fagleg kvalitet og varm tilnærming. Dei er ikkje berre lærarar – dei er også miljøbyggarar som bidreg til den heilt spesielle stemninga på kurset.
Vi har i år som i fjor med oss dirigent Aage Richard Meyer, som leiar årets hovudorkester. Aage har tidlegare vore assistentdirigent ved Bergen Filharmoniske Orkester (2020–2023), og har dirigert mellom anna Oslo Filharmoniske Orkester, Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester og fleire av landets militærkorps. I 2022 debuterte han ved Den Norske Opera og Ballett med Verdis «Maskeballet», i samarbeid med Edward Gardner.
Programmet byr på mektige tonar og store kjensler:
· Guiseppe Verdi: Skjebnens makt, overtyre
· Camille Saint-Saëns: Morceau de Concert
· Antoin Bruckner: symfoni nr. 4 (Romantiske)
Dirigent: Aage Richard Meyer
Harpesolist: Stella Birthe Poland
Stella Birthe Poland(24 år) er ein harpist frå Hornindal som har gått på musikklinja på Firda vgs og Klassisk strenger på Toneheim folkehøgskule. Ho representerte Hornindal på samanslåingskonserten med Volda kommune, og kom til Semifinalen i Norske talenter i 2018. Ho har også vært med som harpist i TV seriene Lovleg og Ligaen. Itillegg så har ho spelt på Sagastad, og vært innom nesten alle kyrkjene i nærområdet. For tida bur ho i Oslo kvar ho har jobba hardt med å heve nivået sitt. Ho har lykkast med det og skal begynne som student hos Norges Musikkhøgskule til hausten 2026. Stella har spelt med fleire orkester i nærområdet som Sunnmøre Ungdomssymfoniorkester og SoFork, og ho har vært med Vestland Sommersymfoni opp til fleire gangar. Dette er fyrste gangen ho skal spele solo med orkester, og gleder seg til å gjere det sammen med VSS i kjente trakter.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

