Marty Supreme (Norsk tekst)
Dream big! I Marty Supreme spelar prisløna Timothée Chalamet rolla som Marty Mauser – ein ung, karismatisk drøymar som legg ut på ei hektisk og nådelaus reise for å oppfylle sitt livslange mål om å bli internasjonalt kjend. Marty si søken etter heider og ære tek han på ei smått sinnssjuk ferd gjennom 1950-talets New York, Paris, London, Kairo og Tokyo, der ingen ting er heilagt, og der familie og vennskap blir ofra og han brenn bruer – ofte medan han sjølv står på dei. Chalamet har etablert seg som ein av dei mest populære skodespelarane i sin generasjon, med kritikarrosa prestasjonar i Call Me by Your Name, Little Women, Wonka og sist i A Complete Unknown, der han spelte ein ung Bob Dylan. Ved sida av han finn me m.a. Gwyneth Paltrow, som med denne filmen gjer eit sterkt comeback på kinolerretet. Filmen er regissert av Josh Safdie, den eine halvdelen av filmskaparduoen bak den kritikarrosa Uncut Gems. Med Marty Supreme held han fram den karakteristiske, intense filmstilen sin – denne gongen med ei livleg kulisse av 1950-talets glamour, internasjonale metropolar, og ei original, sportsdriven historie om draumar og ambisjonar.
Tor. 22.01 Kl. 19.00
Kjøp billettSøn. 25.01 Kl. 19.15
Kjøp billettLengde: 2 t 29 min
Billettpris:
Ordinær 130,-
Alder: 15 år

Detaljar
Skodespelarar: Timothée Chalamet,Gwyneth Paltrow,Fran Drescher,Odessa A’zion
Regissør: Josh Safdie
Produksjonsår: 2025
Premiere: 25.12.25
Manus: Ronald Bronstein,Josh Safide
Land: USA
Sjanger: Komedie, Drama
Språk: Engelsk
Undertekst: Norsk

