Kjæledyrekspressen
Med Truls Svendsen og Eyvind Hellstrøm i rollene som den gode og den onde!
Ta med heile familien på årets mest elleville togtur! Ein gjeng søte kjæledyr, eit togkupp og masse action – tut tuuut! Spenn deg fast – dette blir ein tur du seint vil gløyme. Ein gjeng kjæledyr blir fanga ombord på eit kapra hurtigtog som rasar av garde i full fart. No må dei stoppe Hans, ein ondskapsfull grevling som er ute etter hemn. Sjølv om ein krasj virkar uunngåeleg, er vaskebjørnen Falken både lur og oppfinnsam – og klar til å gjere alt for å redde alle om bord. KJÆLEDYREKSPRESSEN er ein actionfylt familiefilm, full av humor og spenning.
Vis meir
Premiere
23.01.2026
23.01.2026
Alder: 6 år

Detaljar
Produksjonsår: 2025
Premiere: 23.01.26
Land: Frankrike
Sjanger: Barnefilm, Animasjon
Språk: Norsk

