Foredrag med Ben Ward
Fjellgarden Kroken- draumen om eit enklare og meir komplisert liv
Fjellgarden Kroken- Benjamin Ward Frå London til Kroken – Høyr historia om Ben, som skapa eit nytt liv på ein veglaus fjellgard i Sogn.
-kjent frå NRK serien « der ingen skulle tru..» Ben gjekk frå sitt gamle liv i England for å jage ein draum, men utfordringane sto i kø. kvar stein, kvar stokk og kvar storm sette ham på prøve, både fysisk og mentalt. Han trudde at han skulle sette garden i stand – men det var han sjølv som trengte reparasjon.
Vegen har blitt rydda gong på gong, garden er restaurert og nye hus bygde. Kroken er eit bevis på at alt er mogleg når du nektar å gje opp. Nokon draumar er verdt å kjempe for – eit liv vekke frå byen og i pakt med naturen kan bli til verkelegheit.
Foredraget er på engelsk og varer i omlag ein time.
Det vert moglegheit for bokkjøp og signering etter foredraget.
Billettpris inkl. avgifter:
Ordinær kr. 250,-
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Ønskjer du å kjøpe eit større antal billettar samla, og få tilsendt faktura? Kontakt post@operahuset.no.

