Nær Sagt
Kva kan hjelpe når livet vert vanskeleg? Kva kan vi gjere for oss sjølv? Kva kan vi gjere for dei rundt oss?
Torsdag 15. januar inviterer vi til ein ny kveld med “Nær sagt” i Operahuset på Nordfjordeid. Det er ope og gratis for alle som ynskjer å kome. Vi har invitert psykologspesialist Mehdi Farshbaf til å snakke om korleis ein kan handtere livet når det vert utfordrande. Både når det er for oss sjølve det kjennest vanskeleg og korleis vi kan bli betre på å møte andre rundt oss som strevar. Han har tidlegare jobba for både Nordfjord psykiatrisenter og Nordfjord BUP og er ein skikkeleg kunnskapsrik og hyggeleg fyr. Det er sjølvsagt ope for spørsmål frå salen og det vert ein kaffipause om lag midt i.
Tilbakemeldingane etter første “Nær sagt” som vi arrangerte i oktober var at dette var noko veldig mange fleire burde fått med seg og det kom gode ord om innhaldet og opplegget. Vi set difor pris på om alle kan vere med å spre ordet.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Nordfjord psykiatrisenter, Landsforeningen for pårørande innen psykisk helse (LPP), Rusettervernet, Stryn kommune, Stad kommune og Kinn kommune.
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no.

