OperaKysten 10 år – Der Schauspieldirektor av Mozart
OperaKysten markerer sitt 10årsjubileum med ei gjenoppsetting av Teaterdirektøren!
I 10 år har OperaKysten laga opera av, med og for kystfolket i Florø og Sogn og Fjordane. Bli med på jubileet og feiringa når vi “rykker attende til start” og set opp Teaterdirektøren av Mozart akkurat som vi gjorde i vår operatiske barndom i 2016. Den gong var kinosalen i Florø utselgt ei veke før premiere, så denne gongen er det sett opp forestillingar både på Nordfjordeid og i Sogndal i tillegg.
Frå scena vert publikum introdusert for den unge, lovande sopranen Frk. Songstad (Beate Mordal), den tilårskomne divaen Madame Borchgrevinch (Nora Oleanne Sårheim), den entusiastiske assistenten (Eivind Kandal) og Teaterdirektøren sjølv (Per Øyvind Helle). Denne vesle komedien om dramaet som kan utspele seg på bak scena på eit teater er kyndig iscenesett av regissør Lars Harald Maagerø, og støtta og akkompagnert av Lina Braaten ved flygelet. Heile forestillinga framførast på nynorsk, gjendikta av vår eigen kunstnarlege ansvarleg Nora Oleanne Sårheim.
Vi gler oss til å feire dei 10 fyrste åra med opera i Florø, og vonar at denne forestillinga gjev meirsmak på både 10 og 20 nye år!
Medverkande:
Frk Songstad, den unge, ambisiøse sopranen: Beate Mordal
Madame Borchgrevinch, den aldrande divaen: Nora Oleanne Sårheim
Den entusiastiske og syngande assistenten: Eivind Kandal
Teaterdirektøren: Per Øyvind Helle
Ved flygelet: Lina Braaten
Regi: Lars Harald Maagerø
Lys: Matias Askvik
Rullestol? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no.
Tor. 15.01 Kl. 19.00
Kjøp billettLengde: 1 t 30 min
Billettpris:
Ordinær 395,-
Barn under 12 år 250,-
OperaKystens vener 345,-

