Matilda ekstra framsyning

På grunn av veldig stor etterspørsel etter billettar, setter vi opp ekstra framsyning med Matilda søndag 7. desember kl. 18.00.

Etter å ha stått i kø i fleire år, har Opera Nordfjord endeleg fått profesjonell lisens til musikalen MATILDA! Over ti millionar menneske verda over har sett musikalen som er basert på Roald Dahl si forteljing om verdas minste heltinne. 

Sidan april 2025 har små og store songarar og skodespelarar, kunstnariske leiarar, profesjonelle hovudroller og dyktige amatørar hatt jamlege øvingar for å terpe notar, dansetrinn og replikkar for å bli premiereklare i slutten av november med musikalen MATILDA, basert på barneboka av Roald Dahl av same namn. No vert øvingane intensivert med samlingar kvar helg. Vår regissør Mattias Palm frå Gøteborg har nettopp hatt premiere på denne musikalen på Säffleoperan i Sverige, der musikalen går for fulle hus utover hausten. 
 
No er heile ensemblet i sving med øvingar i Valhall og etter kvart i Operahuset Nordfjord. Små og store i alle aldrar kan berre begynne å gle seg til heile seks framsyningar i operahuset 28.- 30. november og 5.-7. desember 2025. 
 
Miss Thrunchbull lovar å gjere livert skikkeleg surt for skuleborna, men Matilda lovar å kjempe endå sterkare, med list og lempe, for det som er sant og rett, med alle sine gode hjelparar!
 
I tillegg til regissør Mattias Palm består det kunstnariske teamet av musikalsk leiar Tove Kragset, koreograf og regiassistent Simen Gloppen, scenograf Anndi Bergset, kostymedesignar Heidi Kverndokk, lysdesignar Ovar Holmen og maskør Hege Ramstad.
 
Ensemblet tel 26 born, 10 ungdommar og 15 vaksne, i alt 51 sceneaktørar. Mari Sægrov Djupvik og Lilly Svidal-Sande, begge frå Gloppen, deler på rolla som Matilda. Lavender-rolla vert òg delt mellom to songarar: Frida Søvik Mårstøl frå Ørsta og Ea Anouk Nyhammer frå Gloppen. Jakob Brandsæter frå Volda har rolla som Bruce, Lino Lunde Solberg frå Stryn gjer rolla som Nigel, Liam Alexander Bugjerde frå Bryggja spelar rolla som Eric, Synna Navelsaker Sandvik frå Haugen på Eid gjer rolla som Amanda, Milla Tomine Kleppe Rise frå Nordfjordeid spelar Alice, Adine Hersi Hjellbakk frå Gloppen tolkar rolla som Hortensia, og Martin Midthjell Hanøy er Tommy.
 
I dei sju profesjonelle rollene møter vi Espen Langvik som Miss Trunchbull, Sunniva Honningsvåg som Mrs. Wormwood, Eirik Risholm Velle som Mr. Wormwood, Martha Standal Pavelich som Miss Honey, Nora Aurdal som Mrs.Phelps, Håkon Bøen som Utbrytarkongen og Thea Mavropoulou som Akrobaten.
 
Orkesteret er samansett av 11 profesjonelle musikarar, stort sett frå vårt eige distrikt.
 
Forestillingane går denne gongen over to helger i Operahuset Nordfjord: 28.-30. november og 5.-7. desember. Matilda passar for alle aldrar, og det går veldig godt an å komme i operahuset for å oppleve denne fantastiske forestillinga utan å ha med seg barn. Ein vil likevel sterkt oppmode foreldre, tanter, onklar og besteforeldre om å ta med barn, barnebarn og andre sine barn for å oppleve stor og magisk scenekunst med lokale krefter! Ein kan love stille, vare og innadvente soloar, elleville shownummer, MYKJE flott dans og kjapp replikkveksling!
 
MATILDA er først og fremst ei hjartevarm historie om modige born, som saman søkjer rettferd og sanning, og om nokre feige vaksne som har nok med seg sjølve. Men, heldigvis, finst det òg nokre gode vaksne, som både tek ansvar og hjelper dei som er åleine og treng å bli sett.
 
Musikalen er omsett til nynorsk av Ine Nord og Kari Standal Pavelich og blir sungen på dialekt.

Manus: DENNIS KELLY

Musikk og Sangtekst: TIM MINCHIN

Presented by arrangement with Music Theatre International

Matilda was first commissioned and produced by the Royal Shakespeare Company and premiered at The Courtyard Theatre, Stratford-upon-Avon, England on 9 November 2010, it transferred to the Cambridge Theatre in the West End of London on 25 October 2011 and received its US premiere at the Shubert Theatre, Broadway, USA on 4 March 2013

• Framsyningar
Fredag 28. november kl. 18.00
Laurdag 29. november kl. 16.00
Søndag 30. november kl. 14.00
Fredag 5. desember kl. 18.00
Laurdag 6. desember kl. 16.00
Søndag 7. desember kl. 14.00

Søndag 7. desember kl. 18.00

Musikalen varer i om lag 2,5 time inkludert pause

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no 

Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no

Vis meir

Søn. 07.12 Kl. 18.00

Kjøp billett

Lengde: 2 t 30 min

Billettpris:

Ordinær 450,-

Barn 300,-

Illustrasjonsfoto av operasalen, tatt ovanfrå mens det foregår øving på orkestergrava.

Utleige

Velkomen til å leige operasalen, kinosalen og foajeen – til alle typar arrangement.

Les meir om utleige

Oversiktsbilete av Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule sett vestover med fjorden i bakgrunnen

Ditt besøk

Aldersgrenser.  Universell utforming. Parkering. Mat og drikke. Billettinfo.  

Les meir om ditt besøk

Jente som står i graset på Lotsstøylen (seter) og strekkjer henda i lufta, med fjord og snødekte fjelltoppar i bakgrunnen

Alt i ein fjord

Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste.  

Visit Nordfjord