Trango
To norske ekspedisjonar i fjellmassivet Trango blir rekna som milepælar i internasjonal klatrehistorie. I kinodokumentaren Trango opnar klatrarane for fyrste gong opp om dei ekstreme opplevingane.
Inspirert av ein av dei største prestasjonane i klatrehistoria legg den legendariske klatraren Robert Caspersen og teamet hans ut på eit eventyr til Himalaya med ein draum om å vere dei fyrste til å bestige ei av verdas høgaste klipper, Trango Pulpit. Den norske ekspedisjonen i 1984 var banebrytande – ein milepæl i internasjonal klatrehistorie – men hadde også ei mørk bakside som skulle prege heile klatremiljøet. Trango skildrar to ekspedisjonar med 15 års mellomrom, dei ekstreme risikoane, personlege ofra og den livslange jakta på å oppnå umogelege draumar i verdas mest brutale fjellterreng.

Detaljar
Regissør: Christopher Carvasal
Produksjonsår: 2025
Premiere: 10.10.25
Land: Norge
Sjanger: Dokumentar
Språk: Norsk
