Vestlandsk sommarsymfoni 2025
Vestlandsk Sommarsymfoni er tilbake på Nordfjordeid – for 47. gong!
Frå 26. juli til 2. august blir det igjen liv og røre i Eid når Vestlandsk Sommarsymfoni går av stabelen. Kurset blir arrangert av Norske Symfoni-Orkestres Landsforbund (NASOL), og som vanleg er Fjordane Folkehøgskule det musikalske samlingspunktet – ein stad som kombinerer fantastiske omgjevnader, gode fasilitetar og eit inkluderande og dyktig vertskap.
Deltakarane kjem frå heile landet og spenner frå engasjerte amatørar til musikkstudentar og lærarar. Målet er klart: å samle eit fullt symfoniorkester og arbeide med store verk ein sjeldan får høve til å spele i kvardagen. Dei fleste deltakarane kjem frå mindre orkestermiljø, og difor er denne veka eit høgdepunkt både musikalsk og sosialt. I år stiller kring 80 musikarar frå heile landet – eit mangfaldig og inspirerande ensemble!
NASOL hentar inn dyktige instruktørar som både inspirerer og underviser med høg fagleg kvalitet og varm tilnærming. Dei er ikkje berre lærarar – dei er også miljøbyggarar som bidreg til den heilt spesielle stemninga på kurset.
For første gong har vi med oss dirigent Aage Richard Meyer, som leiar årets hovudorkester. Aage har tidlegare vore assistentdirigent ved Bergen Filharmoniske Orkester (2020–2023), og har dirigert mellom anna Oslo Filharmoniske Orkester, Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester og fleire av landets militærkorps. I 2022 debuterte han ved Den Norske Opera og Ballett med Verdis «Maskeballet», i samarbeid med Edward Gardner.
Høgdepunktet vert storkonserten i Operahuset på Nordfjordeid, laurdag 2. august kl. 18.00.
Programmet byr på mektige tonar og store kjensler:
· Johan Svendsen: Sigurd Slembe: Symfonisk innleiing, op. 8
· Alexander Arutunian: Trompetkonsert
· Peter Tsjaikovskij: Symfoni nr. 6 i h-moll, op. 74 – «Pathetique»
Som solist i Arutunians glitrande trompetkonsert har vi med oss Sebastian Haukås, trompetist i Forsvarets stabsmusikkorps. Han bidreg òg som messinginstruktør under kurset.
Fredag 1. august vert det kammerkonsertar på ulike stader i Eid sentrum – ei unik moglegheit til å oppleve mindre ensembler og sjå deltakarane i nye samanhengar.
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
