Riksteatret: Hundrevis av barn i vill kamp
Ta med barna på eit teaterstykke der fantasien får fritt spelerom!
«Hundrevis av barn i vill kamp» er ei fargesprakande berg-og-dal-bane gjennom barns leik og draumar. Ei engasjerande og morosam teateroppleving, der barna sin fantasi får styre – og dei store spørsmåla i livet blir ein del av leiken.
Vi møter ein gut som nettopp har mista bestefaren sin. Sorga tar han med på ei fantasireise til havets botn, der draum og verkelegheit, sorg og minner smeltar saman og hundrevis av barn kjempar i ein vill kamp. Og mens alt dette utspelar seg, står ein dinosaur utanfor vindauget hans. Eller er det berre tankane som løper løpsk?
«Hundrevis av barn i vill kamp» er teater sett gjennom barnet sine auge. Stykket set ord på mange av dei store spørsmåla barn stiller vaksne. Kanskje blir det lettare for dei å dele tankane sine etter å ha sett framsyninga?
Passar for barn frå 5 år
NB: Maks 150 plassar! Billettane er unummererte.
Framsyninga varer i om lag 50 minutt. Det er ikkje pause.
Premiere 21. august, turnepremiere i Sogndal 27. august
Med Mathias Augestad Ambjør, Amalie Ibsen Jensen og Martha Lubiana
Av Eirik Fauske. Regissør Marie Nikazm Bakken. Scenograf og lysdesignar Hannele Philipson. Kostymedesignar Amanda Hedman Hägerström. Maskedesignar Linda Sandberg. Lyddesignar Leo Goldmann. Produsent Anita Basmo Bjørnstad
Originalprodusert av Turteatern og Svenska Riksteatern. Produsert for noregsturné av Riksteatret
Rullestol? Kontakt post@operahuset.no
Representerer du ei bedrift, institusjon eller eit lag som ønskjer billettar på faktura? Kontakt oss på post@operahuset.no
Lau. 30.08 Kl. 17.00
Kjøp billettLengde: 0 t 50 min
Billettpris:
Ordinær 255,-
Scenekort 205,-
Coop-medlem 205,-
Samarbeidspartnar 209,-
Venne-/familiepris 4+ 209,-
Kulturtilbud Kreditt 186,-
